Helsepedagogikk

Korleis kan vi fremje helse og meistring? Kva skal til for at kunnskap blir til nytte? Korleis kan vi spele på dei ressursane folk har? Desse og mange andre spørsmål prøver vi å gi innspel til i ulike tilbod om helsepedagogikk. Målet er å gi tilbod om fire dagars kurs ein gong pr. år.

Hovudtema er: Kven lærer kva til kven? – Roller i endring. Likeverdig samarbeid om gruppeopplæring. Kommunikasjon og helsefremjande samtalar. Gruppa som læringsarena. Vi inviterer også til dagseminar for helsepedagogisk påfyll, og tilbod særskilt for erfaringsformidlarar.

Tilbod i helsepedagogikk er for erfarne brukarar og tilsette i kommune- og spesialisthelseteneste som er engasjert i helsefremjande og førebyggjande arbeid; frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for pasientar og pårørande.

Presentasjoner fra kurs i Helsepedagogikk