Barn og unge

Fagnettverk med fokus på barn og unge er tverrfagleg samansett og har representantar frå både kommunar i Helse Fonna-regionen, Høgskulen på Vestlandet og ulike område i spesialisthelsetenesta.

Mandat
I mandatet for nettverket heiter det: «Målet med nettverket er å bidra til koordinering av kompetansetilbod, utviklingsarbeid og tiltak/prosjekt, for slik å sikra likeverdige tenester til barn og unge i Helse Fonna sitt opptaksområde. Nettverket skal sikre system for å bringe opp aktuelle tema for fellesprosjekt og ha oversikt på kompetansedeling og tilbod. Nettverket skal bidra til å  avdekke flaskehalsar og overlappande samarbeidsområder.»

→ mandat

Arbeidsområda
Nettverket har ut frå mandatet valt å dele arbeidet inn i hovudområda kompetanse, utviklingsarbeid/prosjekt, pasientforløp/tiltakskjede, og oversikt/informasjon. Det er laga handlingsplan for 2017 som viser korleis ressursgruppa vil arbeide med hovudområda.

→ handlingsplan 2017

Aktivitet i nettverket

→ årsrapport 2016
→ årsrapport 2015

Organisering
Fagnettverket med fokus på barn og unge er organisert med ei ressursgruppe som representerer alle partar og instansar som ivaretar barn og unge med helseutfordringar og deira pårørande. Representantane i ressursgruppa har ansvar for god kommunikasjon med partane/instansane dei er representerar.

→ kontaktinformasjon

Kontaktpersonar

  • Leiar av nettverket
    Linda Hellen, verksemdsleiar i Barne- og familietenesta Bømlo kommune og representant for kommunane i Sunnhordaland
  • Kontaktperson frå FOUSAM og sekretær
    Sølvi Heimestøl, rådgjevar FOUSAM

Medlemmar

  • Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen, funksjonsleiar Familieambulatoriet Helse Fonna
  • Jorid Vea Isdah, helse- og førebyggingsjef Tysvær kommune, Hauglandsløftet
  • Nancy Helgesen, spesialsjukepleiar Psykisk helseteneste Sveio kommune, Haugalandsløftet
  • Åshild Lien, funksjonsleiar BUP Stord, Helse Fonna
  • Ellen Andreassen, funksjonsleiar KIDSA, BUP Haugesund Helse Fonna
  • Reidun Stavland, høgskulelektor, Høgskulen på Vestlandet
  • Laila Stensletten, Brukarutvalet i Helse Fonna
    Wenche Marie Schiefloe, Brukarutvalet i Helse Fonna
  • Kari Vik Stuhaug, familieterapeut Lærings- og mestringssenteret Helse Fonna og Barn som pårørande
  • Lars Johan Lysen, kommunelege Tysvær, Helsestasjonsforum for Helse Fonna området og PKO
  • Nora Beth Lunde Nielsen, funksjonsleiar Barneseksjonen, Helse Fonna
  • Elin Eggestøl Børve, kommunepsykolog Odda og representant for Hardangerkommunane
  • John Conrad Brandsø, seksjonsleiar Habilitering/læring og mestring, Helse Fonna
    .

fagnettverk_barn_unge_2016
.


Barn som pårørande

Det er viktig at ulike tenester er orienterte om kvarandre når det gjeld tilbod rundt barn som er pårørande. God kommunikasjon og samhandling mellom fagpersonar innanfor ramma av teieplikta og avtalar med familien skal bidra til at barn og familiar der ein er sjuk opplever å bli sett og møtt på sine behov.

Barn som pårørande – kontaktpersonar i ulike tenester
I denne tabellen finn du kort omtale av og kontaktpersonar for ulike tenester når det gjeld barn som pårørande-arbeid.  Den einskilde tenesta står sjølv ansvarleg for sin omtale. Endringar kan meldast til vibeke.rygh@helse-fonna.no.

→ oversikt over tiltak og kontaktpersonar relatert til barn som pårørande

Meir informasjon om barn som pårørande finn du på www.helse-fonna.no.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.