Kommunale ØH-døgntilbod

Fagleg nettverk for kommunale ØH-døgntilbod

Hausten 2017 vart det etablert eit fagleg nettverk for kommunale ØH-døgntilbod på initiativ frå fagmiljøet. Dei opplevde behov for å dele erfaring og kompetanse med kvarandre og få muligheit til å utvikle til dømes felles rutinar og prosedyrar.

→ mandat

I Helse Fonna-regionen er det ni kommunale ØH-døgntilbod og alle var invitert til oppstartssamling for fagnettverket på Bjørgene den 7. desember 2017. I tillegg deltok representantar frå Helse Fonna og brukarrepresentant på samlinga.

Det vart valt ei ressursgruppe som skal følgje opp arbeidet mellom møta i nettverket.

Ressursgruppe for nettverket

  • Aud Edvinson, brukarrepresentant
  • Heidi Hollekim, sjukepleiar Sentrum behandlingssenter
  • Tine Sparchlolz, lege ØH-døgntilbod Suldal
  • Kari Ugland, samhandlingssjef Helse Fonna
    .

Meir informasjon

 

20171207_oppstartssamling_kommunalt_ØH_døgntilbod

Rundt 20 fagpersonar frå både kommune og spesialisthelseteneste deltok på oppstartssamling for fagnettverk innan kommunalt ØH-døgntilbod i desember 2017.