Læring og mestring

læring_mestringProsjekter innen denne tematikken har som mål om å beskrive, utvikle og etablere forebyggende og helsefremmende tilbud nær pasientens hjem. De vil utrede og beskrive modeller for organisering av for eksempel frisklivssentraler, telemedisin og lærings- og mestringstilbud, samt sikre kompetanseoverføring.

 

Prosjekter innen læring og mestring

  • Tilbod om foreldregruppe i barnehagen

Prosjekter som er avsluttet

  • Samarbeid om lærings- og mestringstilbud i pasientforløp mellom spesialisthelsetjenesten og primærhelsetjenesten for hjertepasienter
  • Læring- og mestringstilbud for personer med KOLS
  • Diabetesprosjekt – eit friskliv- og mestringstilbod for personar med diabetes type 2
  • Hjertetrim – trening for livet
  • Frisklivsentral med lærings- og meistringstilbod

 


Tilbod om foreldregruppe i barnehagen

Bakgrunn
Tal frå Helse- og levekårsundersøkinga og Reseptregisteret kan tyde på at førekomst av kroniske sjukdommar og plager hos norske barn ligg på rundt 30 prosent og er aukande. Når det gjeld oppfølging av barn med kroniske sjukdommar/helseutfordringar som cøliaki, epilepsi, astma, allergi, diabetes, er det stort sett foreldre i samarbeid med fastlege eller behandlar i spesialisthelsetenesta som har ansvaret for oppfølginga utan støtte frå kommunale helsetenester.

prosjekt_foreldregruppe_tysværDette stiller ofte store krav til foreldre om å takle handtering av barnet sin helseutfordring i tillegg til ein hektisk kvardag med små barn. Det kan påverke både familieliv med rutinar, forhold til jobb og samarbeid med barnehage og nettverk.

Lang erfaring frå lærings- og meistringstilbod i spesialisthelsetensta viser at foreldre opplever mange av dei same utfordringane i høve til meistring av kvardag og familieliv uavhengig av kva diagnose eller helseutfordring barnet har.

Om prosjekta
Hensikta med prosjekta er at foreldre som har barn med kronisk sjukdom kan få treffe andre i liknande situasjon, dele erfaringar og gode råd og sette fokus på aktuelle tema. Målet er å bidra til å styrke foreldra i omsorgsrolla slik at dei kan oppleve økt meistring i kvardagen og familielivet.

Foreldregruppa møtes 4 gonger, 2 timar kvar gong på kveldstid.

Tema i foreldregruppa er:

  • meistring i kvardagen
  • livet i familien – kunsten å ta vare på kvarandre
  • samarbeid med barnehage – fritidsaktivitetar – vener
  • dei gode grensene
    .

Prosjekta er eit samarbeid mellom høvesvis Bømlo og Tysvær kommune ved barnehagetenesta og helsestasjonstenesta, Helse Fonna og FOUSAM. Samarbeidet mellom helsetenesta og barnehagetenesta om lærings- og meistringstilbod, er nytt og vil bli evaluert både med tanke på foreldra sitt utbytte og korleis samarbeidet har fungert.

Prosjektgruppe Bømlo

  • Lene Sortland Nesse, barnehagane på Bømlo
  • Miriam Johannessen, helsestasjonane på Bømlo
  • Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
  • Sølvi Heimestøl, rådgjevar, Helse Fonna og FOUSAM

Prosjektgruppe Tysvær

  • Anita Weltzien Dalaker, barnehagestyrar, barnehagetenesta i Tysvær kommune
  • Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
  • Kjerstin Wennek Hagland, leiande helsesøster, helsestasjonstenesta i Tysvær
  • Sølvi Heimestøl, rådgjevar, Helse Fonna og FOUSAM
    .

Informasjonsmateriell


Samarbeid om lærings- og mestringstilbud for hjertepasienter

Formål og metode
Formålet med prosjektet var å fremme helse og livskvalitet for personer med hjertesykdom ved å utrede, utvikle og etablere likeverdige tjenester for hjertepasienter i Helse Fonna sitt opptaksområde. Prosjektet la vekt på lokal tilpasning, noe som betydde at tjenestene ville kunne bli ulikt utformet i de tre sykehusområdene innen Helse Fonna.

Utvalg
Personer i Helse Fonna over 18 år som; hjerteoperert, har hatt hjerteinfarkt, eller har vært til utblokking (PCI) og som deltok på treningstilbud i kommunehelsetjenesten.

Datainnsamlingsmetode

  • Kartleggingsskjema opplevd funksjon (Coop/Wonca)
  • Kartleggingsskjema for mestring og helsetilstand (PAM)
  • Spørreskjema: brukertilfredshet og pasientforløp
  • Fokusgruppeintervju; pasientforløp og opplevd samhandling
    .

Kontaktperson i FOUSAM
Christense Eileraas Ek

Rapport

Informasjonsmateriell

Omtale i media


Læring- og mestringstilbud for personer med KOLS

Karmøy kommune har fått midler fra Helsedirektoratet til å utvikle og gjennomføre et tverrfaglig kommunalt trening, læring- og mestringstilbud for personer med KOLS. Informasjon om prosjektet ligger under fane «Prosjekter → Kronisk sykdom».
.


Diabetesprosjekt – eit friskliv- og mestringstilbod for personar med diabetes type 2

Prosjektet har vore eit FOUSAM-prosjekt i samarbeid mellom dei fire kommunane Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord, Diabetesforbundet lokalt, Helse Fonna og HSH med målet å utvikla eit friskliv- og mestringstilbod i kommunal regi, auka kompetansen og ta i bruk videooverført undervisning og samhandling.

Prosjektet starta arbeidet hausten 2013 med opplæring, planlegging og rekruttering til kurset som gjekk våren 2014. Tilbodet bestod av eit kurs over tolv veker med to samlingar i veka. Samlingane inneheldt fysisk trening og ulike faggrupper bidrog med temasamlingar der ein tok opp relevante tema. Det blei lagt stor vekt på den erfaringa som deltakarane hadde og dette blei sett på som likeverdig med den formelle kompetansen helsepersonellet hadde. Individuell samtale inspirert av motiverande intervju blei nytta som metode.

Det blei gjort kvantitative målinger før og etter kursa for å evaluere effekt på funksjonsnivå og helsestatus. Det blei og gjennomført fokusgruppeintervju for å få kjennskap til deltakarenes og faggruppa si oppleving av gjennomført kurs. Evaluering av resultata i prosjektperioden låg til grunn for etablering av permanente tiltak.

Informasjonsmateriell

Rapport

Omtale i media


Hjertetrim – trening for livet

Når ein blir sjuk endrast ofte livet og det er viktig å lære og meistre ein ny livssituasjon. For pasientar med hjertehendingar, som for eksempel hjerteinfarkt, er det svært viktig med hjertetrim.

Ved Haugesund sjukehus har det i mange år eksistert eit treningstilbod til personar med hjertesjukdom for at dei skal komme i gang med fysisk aktivitet etter hjertehending. Med bakgrunn i samhandlingsreforma, har Sveio kommune, Helse Fonna og FoU-eininga i Helsetorgmodellen starta pilotprosjektet «Hjertetrim – trening for livet» for personar med hjertesjukdom i 2012.

Målet har vore å etablere eit fullverdig treningstilbod til hjertepasientar i kommunen, og i samarbeidet gjere erfaringar med tanke på samhandling rundt førebyggjande helsetilbod ute i kommunane. Det har og vore eit mål å styrke samhandlinga innanfor tenester som læring og mestring.

Prosjektet innebar at tilbodet om hjertetrim i ein prosjektperiode blei gitt i Sveio kommune i staden for på Haugesund sjukehus.

Informasjonsmateriell

Rapport

 


Frisklivsentral med lærings- og meistringstilbod

Prosjektet har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Eidfjord, Ullensvang og Odda kommunar saman med Helse Fonna Odda sjukehus og Høgskolen Stord/Haugesund. Målet har vore at dei som treng det kan få naudsynt opplæring og meistringskompetanse nærast mogleg heimen.

Informasjonsmateriell

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.