Utviklingsplan for Helse Fonna

Som del av iverksettinga av Nasjonal helse- og sjukehusplan, Meld.St.11 (2015-2016), skal alle helseføretak utarbeida utviklingsplanar.

Styret i Helse Fonna vedtok i møte 29.09.2017 mandat og organisering av prosjekt for arbeidet med utviklingsplan for føretaket. Planen skal gje ei framstilling av korleis Helse Fonna kan skape pasienten si helseteneste gjennom god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar. Planen skal utarbeidast i tråd med rettleiaren frå Helse- og omsorgsdepartementet og arbeidet skal skje i tett dialog med pasientar, kommunar, fagmiljø, medarbeidarar og andre aktuelle aktørar.

Kommunane blir involverte i arbeidet med utviklingsplan gjennom Samhandlingsutvalet som er referansegruppe for arbeidet, representantar frå kommunane i prosjektgruppe og dei faste områdemøta mellom føretaket og kommunane. Praksiskonsulentane vil delta med representantar i prosjektgruppa og er inviterte til å delta i områdemøta.

Informasjon om arbeidet med utviklingplan for Helse Fonna er å finna på https://helse-fonna.no/seksjon/fag-og-foretaksutvikling/sider/utviklingsplan.aspx.

Reidun Rasmussen Mjør, prosjektleiar

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.