Små samhandlingsgrep ser ut til å kunna hindre reinnlegging

prosjekt_re_innlegging

Prosjektet «Oppfølging av pasientar med behov for samansette tenester med fokus på reinnlegging» viser at små grep i samhandlinga kan gjere stor forskjell for den enkelte pasient.

I prosjektet vart det gjort journalsøk og tverrfaglege intervju med medarbeidarar frå spesialist- og kommunehelsetenesta, for å finne utfordringane i samhandlinga og kva for løysingar som kunne vere til hjelp for å unngå reinnleggingar. Det vart òg gjennomført eit pilotprosjekt med utprøving av nokre tiltak.

Prosjektleiar Kristine Aurdal, seksjonsleiar ved seksjon for terapeutiske spesialtenester konkluderer med at gode funksjonsvurderingar av risikopasientar, tverrfaglege rapportar til heimeteneste og fastlegane, samt klare mål for vidare behandling og oppfølging, kan vera viktige tiltak for å sikra at pasientane får den oppfølginga og behandlinga dei treng, både ved innlegging og utskriving. I tillegg viste pilotprosjektet at avtalt time hos fastlegen i tillegg til oppfølging på poliklinikk, kan vera positivt med tanke på å unngå unødvendige reinnleggingar. Avtalt time til kontroll og oppfølging kan vera med å gje trygghet for pasientane i heimesituasjonen og bidra til at færre har behov for kontakt med lege kort tid etter utskriving.

Prosjektet er gjennomført ved hjelp av samhandlingsmidlar frå Helse Vest og samhandlingseininga i Helse Fonna er prosjekteigar. Det har vore mange engasjerte medarbeidarar, i både helseføretaket og kommunar, med i prosjektet og deling av kompetanse og læring av kvarandre har vore viktige faktorar i prosjektet. Ein del av prosjektet (fokusgruppeintervjua) var prosjektleiaren si masteroppgåve i styring og ledelse ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.