Samhandlingsutvalet ynskjer alle ei God Jul og eit fredfylt Nytt År

2015 nærmar seg slutten, og det er på tide å ta opp status for året som er gått. Vi kan sjå tilbake på atter eit travelt år med mye god samhandling mellom kommunar, høgskule og føretaket i vår region. Helse Fonna og kommunane har inngått ei rekke lovpålagde avtalar som skal bidra til å sikre at brukarane opplever tenestene som samanhengande og godt koordinerte på tvers av forvaltningsnivåa. Samhandlingsutvalet har difor dette året gjort prioriteringar gjennom utarbeiding av handlingsplan som skal hjelpe til med å halde fokus på intensjonen i Samhandlingsreforma.

Det har vore stor aktivitet som har retta seg mot samhandlingstiltak for å betre tilhøva for pasientar og brukarar. Den største aktiviteten er gjennom felles forskings- og utviklingseining (FOUSAM) som har gjennomført spennande utviklingsprosjekt, laga system for brukarmedverknad i samhandlingsfeltet og medverka til at samarbeidsavtalane blir forstått og etterlevd.

Samhandlingsutvalet har både initiert og gjennomført samhandlingsmøter slike som dialogmøter mellom fagpersonar, oppfølgingsmøte for kommunale tilbod om øyeblikkeleg hjelp og områdemøter på leiarnivå. I november månad arrangerte utvalet strategisk toppleiarforum for leiinga i kommunar, helseføretak og høgskule med spennande innhald og dialog om utviklinga av verksemdene.

Julehøgtida er ei tid for refleksjon, for å senke skuldrene og lade opp til ny innsats i 2016.

På vegne av Samhandlingsutvalet vil eg takke for den store innsatsen, alle bidrag og god samarbeidsånd som har prega samhandlinga gjennom heile året.

Kari Ugland, leiar av Samhandlingsutvalet

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.