Samhandlingsutvalet ynskjer alle ei god jul og eit fredfylt nytt år

2017 nærmar seg slutten, og det er på tide å gjere opp status for året som er gått. Vi kan sjå tilbake på atter eit travelt år med mykje god samhandling mellom kommunar, høgskule og føretaket i vår region.

Samhandlingsutvalet (SU) har dette året gjort prioriteringar gjennom handlingsplan for SU, som skal hjelpe oss med å halde fokus på intensjonen i Samhandlingsreforma. Arbeidet med å revidere denne starta også i haust.

Det har vore stor aktivitet som har retta seg mot samhandlingstiltak for å betre tilhøva for pasientar og brukarar, og den største aktiviteten skjer fortsatt gjennom FOUSAM.

FOUSAM har hatt fokus på videreutvikling av eininga, vore aktive bidragsytarar inn i fagnettverka og medverka til at samarbeidsavtalane vert forstått og etterlevd.

Samhandlingsutvalet har både initiert og gjennomført samhandlingsmøter slik som dialogmøter, oppfølgingsmøte for kommunale tilbod om øyeblikkeleg hjelp og områdemøter på leiarnivå. Ut over dette har Samhandlingsutvalet fulgt opp nettverk og alt det gode arbeidet som er gjort i FOUSAM.

Det er gjennomført mange gode samhandlingsprosjekt, og fokuset på å videreutvikle pasientens helseteneste og pasientforløp har vore stort. Vi går stadig nokon skritt framover i retning av betre koordinerte tenester for pasientane som vi er sett til å hjelpe.

Toppleiarforum har dette året vorte utsett, og vil verte arrangert i januar 2018. Hovedtema vert vidare utvikling av FOUSAM og forsking i kommunane.

Julehøgtida er ei tid for refleksjon, for å senke skuldrene og lade opp til ny innsats i 2018. På vegne av Samhandlingsutvalet vil eg takke for den store innsatsen, alle bidrag og god samarbeidsånd som har prega samhandlinga gjennom heile året.

Anne Lise Naasen, leiar Samhandlingsutvalet

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.