Samhandlingsutvalet ynskjer alle ei God Jul og eit fredfylt Nytt År

Red Apples and cones in the snow, cinnamon and star anise2016 nærmar seg slutten, og det er på tide å ta opp status for året som er gått. Vi kan sjå tilbake på atter eit travelt år med mykje god samhandling mellom kommunar, høgskule og føretaket i vår region. Arbeidet med revisjon av alle dei lovpålagde samarbeidsavtalane har teke mykje tid, og det er godt at dette no er ferdigstilt.

Ut over dette har Samhandlingsutvalet følgt opp nettverk og alt det gode arbeidet som er gjort i FOUSAM. Det er gjennomført mange gode samhandlingsprosjekt, deltaking i læringsnettverk og fokus på å skape pasientens helseteneste slik helseministeren ber oss om har vore stort. Vi går stadig nokon skritt framover i retning av betre koordinerte tenester for pasientane som vi er sett til å hjelpe.

Julehøgtida er ei tid for refleksjon, for å senke skuldrene og lade opp til ny innsats i 2017.

På vegne av Samhandlingsutvalet vil eg takke for den store innsatsen, alle bidrag og god samarbeidsånd som har prega samhandlinga gjennom heile året.

Kari Ugland, leiar av Samhandlingsutvalet

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.