Samhandling – meir enn struktur og avtalar

I artikkelen «Developing a culture of pride, confidence and trust: enhanced collaboration in an interdisciplinary team» publisert i International Practice Development Journal hevdar forfattarane Kristin Ådnøy Eriksen og Sølvi Heimestøl, begge rådgjevarar i FOUSAM, at god samhandling til beste for pasienten, krev omsyn til at det er menneske i systema. Det handlar ikkje berre om avtalar og struktur. Det krev arbeid med tillitsskapande tiltak der ein utviklar ei kjensle av å skape dei gode helsetenestene saman. Artikkelen bygger på evalueringsarbeidet i Familieambulatoriet som forfattarane hadde ansvar for.

2017_IPDJ_issue
FOUSAM-rådgjevarane Kristin Ådnøy Eriksen og Sølvi Heimestøl

I artikkelen vert erfaringar frå eit case som viste at fasiliterte prosessar i eit team gav styrka samhandling, nytta til å sei noko om vilkår for samhandling mellom kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste.

Viktige funn er at styrte prosessar kan bidra til at dei som samhandlar i fellesskap kan sette ord på kva dei gjer og ynskjer å gjera, kan sjå nærare på detaljane i arbeidet, bli klar over terrenget og vegen vidare. Prosessane er også med på å skape kjensle av tillit til kvarandre, sjølvtillit og stoltheit hjå den einskilde og hjå teamet som heilskap.

Ut frå dette diskuterer forfattarane om meir fokus på omgrepet samhandling forstått som pågåande prosess kan betre samhandlinga på tvers av nivå i helsetenestene. At delte aktivitetar og arbeid med likeverd mellom sosiale einingar er viktig. Dei hevdar at det å ha tillit til kvarandre og det å kjenne til kvarandre er eit viktig grunnlag for å få til samhandling. Gode strukturar og avtalar for samhandling er viktig, men ikkje tilstrekkeleg.

God samhandling til pasientens beste må ta omsyn til at det er menneske i systema som samhandlar og at samhandlinga «er ny» heile tida (og ikkje alltid kan planleggast). Det er difor viktig å arbeide med tillitsskapande tiltak, gjere innhaldet i tenestene kjent for kvarandre og utvikle ei kjensle av at ein saman skal gje eit godt helestilbod.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.