Samarbeid om god barselomsorg

God barselomsorg er viktig for både barn og foreldre og da er eit godt fungerande samarbeid mellom fødeavdeling og helsestasjon viktig. Fagnettverket innan barn og unge si hovudoppgåve er å bidra til å sikre gode pasientforløp på tvers av nivå og ha fokus på fagutvikling. Nettverket fekk meldt bekymring frå praksisfeltet om at barselomsorga i overgangen mellom sjukehus og heim ikkje alltid fungerer godt, og opprettar difor ei arbeidsgruppe. Den skal sjå på korleis tenesteavtale 8 som fordeler oppgåver og ansvar, kan følgjast betre opp i praksis. Arbeidsgruppa har til saman lang og brei erfaring frå både kommune og sjukehus som helsesøster, jordmor, lege og brukarrepresentant.

Medlemmar av arbeidsgruppa

  • Marit Alice Venheim, fagutviklingsjordmor føde/barsel, Haugesund sjukehus
  • Solveig Elisabeth Nøkling, fagutvikler føden, Stord sjukehus
  • Astrid Skeie, helsestasjonslege og fastlege, Sveio kommune
  • Inger Johanne Monstad, jordmor, Haugesund kommune
  • Liv Turid Steinsbø Halbmyr, leiande helsesøster, Bømlo kommune
  • Olaug Våge Welde, brukarrepresentant

Kontaktperson i Fagnettverk barn og unge og FOUSAM er Sølvi Heimestøl.

2017_arbeidsgruppe_barselomsorg

Arbeidsgruppa har til saman lang og brei erfaring frå både kommune og sjukehus som helsesøster, jordmor, lege og brukarrepresentant.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.