Revisjon av lovpålagde samarbeidsavtalar mellom Helse Fonna HF og kommunane

avtaleneSamhandlingsutvalet (SU) har nå ferdigstilt revisjon av dei lovpålagde avtalene. Det har vore ein omfattande prosess med mange involverte både frå fag og leiing som har gitt innspel til revisjonen. SU har vurdert forslag til endringar opp mot lovkrav og føremål med avtalane slik det er beskrive i overordna samarbeidsavtale punkt 3.

Mange av endringane som er gjort går på forenkling av tekst og redigering som ikkje har praktiske konsekvensar for partane sine plikter etter avtalane, men som skal bidra til å gjøre innhaldet tydelegare. Vidare er det tatt ut avtaletekst som er reine prosedyrar, dei fleste av disse gjeld psykisk helse og rus. Det er gjort nødvendige oppdateringar som gjeld elektronisk meldingsutveksling i samhandlinga, og det er tatt høgde for nye nasjonale føringar.

Strukturen i avtalene er ikkje endra med unntak av tenesteavtale nr. 10 (Samarbeid om helsefremjande og førebyggjande arbeid) som skil seg frå dei andre med omsyn til struktur og innhald. Dette er eit forsøk på å imøtekome dei nasjonale evalueringane av samarbeidsavtalar som er komne som har vekt på at avtalane bør bli meir konkrete, tydelege og presise og meir forpliktande. Ved neste revisjon kan ein vurdere å gjøre tilsvarande endringar i dei andre avtalane.

I overordna samarbeidsavtale er det gjort endring i funksjonstida for dei kommunale representantane som no blir fire år, noko som vil bidra til større kontinuitet i arbeidet. Det er også tatt inn at partane kan ha ein fast vararepresentant i møter som vil endre status til medlem ved fråvær.

Når det gjeld tenesteavtale nr. 4, avtale om kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp, blir revisjonen handsama i eigen prosess. Dette på grunn av endring i føringar og krav til innhaldet i det kommunale tilbodet, jf. ny rettleiar. Etter behandling i Samhandlingsutvalet vil det bli lagt til rette for høyring av avtaleutkastet.

Avtalane er nå send ut til kommunar og føretaket for nødvendig forankring og handtering i eigen organisasjon.

Kari Ugland, leiar av Samhandlingsutvalet

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.