Nytt ØH-døgntilbod i Sunnhordaland

Måndag 20. mars startar eit nytt øyeblikkelig hjelp-døgntilbod i Sunnhordaland, i heilt nybygde lokale rett ved sia av Stord sjukehus. Tilbodet vil gje pasientar med avklart helsetilstand, men som får akutt forverring, god og rask hjelp i trygge og rolege omgjevnader. Det er kommunane Bømlo, Fitjar og Stord som går saman om eit interkommunalt tilbod der felles legevakt og observasjonssenger òg er inkludert.

Før oppstart deltok alle tilsette på kompetansepakken som FOUSAM tilbyr i samarbeid med Helse Fonna, til alle kommunar som startar opp med ØH-hjelp døgntilbod.

20170320_øh_kompetansepakke_1 20170320_øh_kompetansepakke_3 20170320_øh_kompetansepakke_2

Det var forventingsfulle nytilsette som møtte kvarandre for første gong på fagdagane, klare for nye arbeidsoppgåver og fagleg påfyll. Dei gav uttrykk for at dette var ein god start, muligheit for å bli kjent med kvarandre og introduksjon til nye utfordringar. Både legar og sjukepleiarar frå Helse Fonna deltok med undervisning innafor tema diabetes, hjertesjukdom, KOLS, sårbehandling, infeksjonar hos eldre og mottak av pasient i tillegg til informasjon om Trygg pleie-programmet. Deltakarane fekk informasjon om den nye arbeidsplassen sin og fekk høyre om erfaringar frå Haugesund og Tysnes kommune sitt ØH-døgntilbod.

20170320_øh_kompetansepakke_4

Janett S. Svendsen, dagleg leiar i det nye tilbodet IDA (interkommunal døgnavdeling), ser fram til å starte opp og er stolt over sine nye tilsette og det nye tilbodet i flotte lokale. Ho er òg takksam for samarbeidet med Stord sjukehus og FOUSAM i gjennomføring av kompetansepakken.

Sølvi Heimestøl
FOUSAM-rådgjevar

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.