Likeverdige helsetenester for dei eldste uavhengig av kvar ein bur?

Gjennom analyse i bruken av somatiske helsetenester for innbyggarar 75 år og eldre, vert det i eldreatlas for Norge sett lys på spørsmålet over. Analysane ser på variasjonar i eldre sitt forbruk av helsetenester i perioden 2013-2015, mellom ulike buområder i landet. Buområda svarar til helseføretaka sine opptaksområder.

For alvorlege tilstandar der pasientane vert innlagt i sjukehus (kols, lungebetennelse, hoftebrot, eller hjerneslag), finn ein at det er relativt liten variasjon i forbruk mellom buområda, noko som blir tolka som at tenestene er nødvendige. Størst variasjon mellom buområda finn ein i eldre sitt forbruk av polikliniske tilbod i spesialisthelsetenesta (hjartesjukdom, demens og parkinsons). Moglege forklaringar på variasjonen, kan vere uklar indikasjon for tilvising, eller uklar arbeidsdeling mellom fastlegar og spesialistar i dei ulike delane av landet.

I eldreatlaset blir det trekt fram funn som tyder på at eldre har eit underforbruk av helsetenester. Det går vidare fram at eldre sitt bruk av allmennlegetenesta går ned ved høgare alder (særleg for kvinner), og at akuttinnlegging i sjukehus er relativt høgare hjå eldre (80% av alle innleggelsar) enn hjå yngre (70%). For enkelte tenester kan alder vere brukt som prioriteringskriterium.

helseatlas
www.helseatlas.no/lansering-av-eldrehelseatlas-norge

Rapporten til eldreatlaset er omfattande. I tillegg til informasjon om forbruk av helsetenester, vert det peika på utfordringar framover. For dei som er opptatt av helseteneste for eldre, inneheld eldreatlaset nyttig og interessant kunnskap. Eldreatlaset er utarbeida av Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering som saman med Helse Førde HF har fått oppgåva med å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste.

Denne saka vart henta av Samhandlingsnytt Helse Førde, utgåve aug./sep. 2017

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.