Evalueringsrapport til Familieambulatoriet: Lavterskeltilbod som fungerer

familieambulatoriet_evalueringsrapport

14 månadar etter at Familieambulatoriet blei oppretta i Helse Fonna er skussmåla gode i ny evalueringsrapport. Gravide og nybakte foreldre som har utfordringar med psykisk helse eller rusmidlar, får her tilbod om hjelp og støtte. Til beste for barnet.

Familieambulatoriet vart etablert i Haugesund med prosjektmidlar frå Helse Vest. Bakgrunnen var bestilling frå Helsedirektoratet og fokus på «Barn som pårørande». Familieambulatoriet gjekk frå prosjekt til drift 1. januar 2015. Familieperspektivet er førande for arbeidet deira, det baserer seg på at barn får hjelp gjennom å styrke og støtte foreldra i omsorgsrolla.

Tilbodet i Familieambulatoriet skal vere fleksibelt, eit lavterskeltilbod og tilpassa den enkelte familie. Dei kan følgje familien frå graviditet til barnet er 6 år. Det er eit supplement til andre tenester og vil for mange fungere som veivisar til rett instans i hjelpeapparatet.

Nøgde brukarar
Familieambulatoriet har sidan starten i oktober 2014 hatt 46 brukarar. Dei gir gode tilbakemeldingar i ein ny evalueringsrapport. Brukarane føler seg møtt på ein god måte, dei opplever forståing og at dei får god hjelp. Familieambulatoriet blir opplevd som lett tilgjengeleg og at medarbeidarane forstår utfordringane den einskilde opplever.
Nøgde samarbeidspartar

Familieambulatoriet har òg tilbod om rettleiing og konsultasjon til kommunale tenester og anna hjelpeapparat. Evalueringa viser at samarbeidspartar som har hatt kontakt med Familieambulatoriet, er godt fornøyd med samarbeidet og har stor tillit til fagkompetansen i teamet.

Tilsette sine erfaringar
Slagordet for dei tilsette i Familieambulatoriet er «Saman for en betre start» og dei opplever arbeidet som meiningsfullt. Dei gir uttrykk for at tverrfaglig samarbeid i teamet og samarbeid med andre instansar, er avgjerande for å kunne gje eit godt tilbod. 1. januar 2016 besto teamet av førskulepedagog med samspill og tilknytingskompetanse, jordmor, barnelege, psykologspesialist, helsesøster og funksjonsleiar.

Anbefalingar for vidare arbeid
Familieambulatoriet er eit nytt tilbod og evalueringa peikar på at dei treng å bli betre kjent, både for målgruppa og medarbeidarar. Dei treng å nå ut til alle delar av Helse Fonna-området.

Familieambulatoriet har hatt prosjektstøtte frå FOUSAM som òg er ansvarleg for evalueringa. Den er gjennomført i tett samarbeid med erfarne brukarar.

→ Evalueringsrapport

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.