Foreldregruppe i barnehagen for foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne

Skjermbilde 2018-10-03 kl. 10.57.44
«Godt å treffe andre som forstår»

«Vi fekk bekrefta at vi kan mykje, har god kontroll – det er ein trygghet å hente, å føle seg normal».

Prosjektet har gått over to år og er prøvd ut i to kommunar, Tysvær og Bømlo. Det har vore eit spennande samarbeid på tvers av både spesialisthelseteneste og kommune, og mellom helse og pedagogikk, eit samarbeid om læring og mestring som er nasjonalt nybrotsarbeid. Både foreldra som deltok og prosjektgruppene i begge kommunane, trekkjer fram samarbeidet som svært viktig for foreldre i målgruppa for prosjektet. Tilbodet såg ut til å treffe med både innhald og måten det vart gjennomført på. Brukarmedverknad i heile prosessen var nytt for kommunerepresentantane og både dei og foreldra opplevde det som sentralt for kvaliteten på tilbodet. Det er sterke anbefalingar i rapporten om at tilbodet vert vidareført og eit håp om at det vert etablert slike foreldregrupper òg i andre kommunar. Tilbodet bør vera ein del av kommunen si oppfølging av familiar som har barn med nedsett funksjonsevne. Her kan du lese meir om prosjektet og prosjektrapporten frå både Tysvær og Bømlo:
Prosjektrapport foreldregruppe Bømlo 2018
Prosjektrapport foreldregruppe Tysvær Desember 2017

Les mer om prosjektet og prosjektgruppa her: Foreldregruppe i barnehagen

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.