Fagnettverk for kommunale ØH-døgntilbod i Helse Fonna-regionen er no etablert

Rundt 20 fagpersonar frå både kommune og spesialisthelseteneste deltok på oppstartssamling for fagnettverk innan kommunalt ØH-døgntilbod på Bjørgene den 7. desember 2017. Medlem av arbeidsgruppa Mette Austreim ønskte velkommen og fortalte litt om bakgrunnen for nettverket som er etablert på initiativ frå fagmiljøet. Dei opplevde behov for å dele erfaring og kompetanse med kvarandre og få muligheit til å utvikle til dømes felles rutinar og prosedyrar. Arbeidsgruppa har vore engasjert av FOUSAM for å lage utkast til mandat og organisering og forslaget vart godkjent i Samhandlingsutvalet i november (www.fousam.no).

I Helse Fonna-regionen er det ni kommunale ØH-døgntilbod og alle var invitert med tre fagpersonar kvar slik mandatet for nettverket tilseier. I tillegg inkluderer mandatet tre representantar frå Helse Fonna og brukarrepresentant som òg deltok på samlinga. Dette er det 10. fagnettverket som er godkjent av Samhandlingsutvalet og etablert i regionen i Helse Fonna sin samhandlingsstruktur med oppfølging frå FOUSAM. På oppstartssamlinga vart det valt ei ressursgruppe som skal følgje opp arbeidet mellom møta i nettverket.

20171207_oppstartssamling_kommunalt_ØH_døgntilbod

Deltakarane delte sine forventingar til nettverket og i gruppearbeid kom det fram gode forslag til kva ressursgruppa skal ta tak i framover. Fagleg tema på samlinga var erfaringar med psykisk sjuke pasientar i kommunalt ØH-døgntilbod. Kristin Marie Rødeseike, lege ved Karmøy ØH-døgntilbod, og Camilla Aa Heggland, psykologspesialist og seksjonsleiar frå Haugaland DPS, innleia og la gode rammer for dialog.

Resultat frå felles brukarundersøking vart lagt fram av Sølvi Heimestøl, rådgjevar i FOUSAM, og undersøkinga viser fortsatt gode tilbakemeldingar frå pasientar som har erfart kommunale ØH-døgntilbod.

Planlegging og gjennomføring av samlinga var eit samarbeid mellom arbeidsgruppa og FOUSAM.

Ressursgruppe for nettverket

  • Aud Edvinson, brukarrepresentant
  • Heidi Hollekim, sjukepleiar Sentrum behandlingssenter
  • Tine Sparchlolz, lege ØH-døgntilbod Suldal
  • Kari Ugland, samhandlingssjef Helse Fonna
    .

Meir informasjon

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.