Nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling fekk kompetansemiddel

I vår søkte fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling kompetansemiddel frå Fylkesmannen i Rogaland og Hordaland. Haugesund og Fitjar kommune sto som søkjarar.

– Det er ei stor glede at nettverket har blitt tildelt kr 100.000 frå kvar Fylkesmann. Dette vil bety eit løft for nettverket. Kompetansemidla gir nettverket nye moglegheiter for kurs og hospitering, seier Grete Skeie Sørhus, leiar av driftsgruppa.

nettverk_kreftomsorg_lindrande_behandling

Midla vil bli fordelte på hausten 2017 og våren 2018. Det er utarbeidd kriterium for bruken. Ressurspersonane i nettverket og deira leiarar kan søke driftsgruppa om støtte til deltakaravgift, reise og overnatting i forbindelse med palliative fagdagar i Bergen, hospitering ved Sunniva senter, bruk av hospiteringsordninga i Helse Fonna og/eller deltaking på kurs og andre arrangement i nettverket.

Fagnettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling har nå 101 sjukepleiarar og 30 fysio- og ergoterapeutar frå alle kommunar og sjukehus i Fonna-området. Nettverket vart etablert i 2003 og blei innlemma som eit fagleg nettverk under samhandlingsutvalet i februar 2015. Det er eit samarbeid mellom Helse Fonna HF, kommunane i Fonna-området, Høgskulen på Vestlandet, Kreftomsorg Rogaland, Kompetansesenter i lindrande behandling helseregion vest, Kreftforeningen og FOUSAM.

Målet med nettverket er å bidra til at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever tryggleik og mottar helse- og omsorgstenester av god kvalitet. Dette skjer ved at nettverket og den enkelte ressursperson bidrar til kompetanseheving, fagutvikling, samarbeid og betre samhandling på desse fagområda.

Grete Skeie Sørhus, leiar av driftsgruppa og Dagny Faksvåg Haugen, leiar av styringsgruppa i fagnettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.