Evaluering av dei lovpålagde avtalane 2016

Informasjon til partane om prosessen

avtaleneSamhandlingsutvalet (SU) er sett til å følgje opp og vedlikehalde overordna samarbeidsavtale med tilhøyrande tenesteavtalar. Prosess for gjennomgang av avtalane i 2016 er diskutert i SU, og det er vedteke å nytte etablerte nettverk, arbeidsgrupper og FOUSAM i evalueringa. Dette for å sikre god og brei representasjon frå partane i arbeidet. Oppdraget går til namngitte personar som får eit ansvar for å følgje opp arbeidet og rapportere forslag til endringar til SU. Gruppeleiarane har fått i oppdrag å sikre eit breitt samarbeid med aktuelle fagressursar og sørgje for anna bistand der det er naudsynt. Dei tillitsvalde har fått invitasjon til å ta del i arbeidet, og det er stilt krav til nødvendig brukarrepresentasjon.

Til grunn for gjennomgangen av avtalene ligg lov og forskrift, nasjonale veiledere og vedtekne prosedyrar. SU har i bestillinga bedt om eit særleg fokus på gråsonar og område som kan gi rom for tolking. Strukturen i avtalane vil bli vidareført i denne gjennomgangen, men SU har bedt om innspel til evalueringa i 2017/2018 på korleis avtalene kan bli enklare.

Samhandlingsutvalet vil drøfte innspela og sende oppdaterte avtalar til kommunar og helseføretaket. Behov for endringar som avtalepartane meiner ikkje er tatt høgde for i første del av prosessen kan meldast til SU. Etter dette tar SU nye innspel til diskusjon og oppdaterer avtalane før dei går ut til endeleg behandling og signering.

Kari Ugland, leiar av Samhandlingsutvalet

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.