Du finn no dei oppdaterte samhandlingsavtalane på nett

avtaleneVåren 2017 var det revisjon av dei lovpålagde samarbeidsavtalane mellom Helse Fonna og dei 18 kommunane i regionen. Revisjonen har vore ein omfattande prosess med mange involverte frå både fag og leiing som har gitt innspel i prosessen. Samhandlingsutvalet har vurdert forslag til endringar opp mot lovkrav og føremål med avtalane slik det er beskrive i overordna samarbeidsavtale punkt 3.

Mange av endringane som er gjort går på forenkling av tekst og redigering av oppsett, som ikkje har praktiske konsekvensar for partane sine plikter etter avtalane, men som skal bidra til å gjere innhaldet tydlegare. Vidare er avtaletekst som er reine prosedyrar  tatt ut, dei fleste av disse gjeld psykisk helse og rus. Det er gjort nødvendige oppdateringar som gjeld elektronisk meldingsutveksling i samhandlinga, og det er tatt høgde for nye nasjonale føringar.

Strukturen i avtalane er ikkje endra med unntak av tenesteavtale nr. 10 (samarbeid om helsefremjande og førebyggjande arbeid) som skil seg frå dei andre med omsyn til struktur og innhald. Dette er eit forsøk på å imøtekomme dei nasjonale evalueringane av samarbeidsavtalar som er komne. Dei legg vekt på på at avtalane bør bli meir konkrete, tydlege,  presise og meir forpliktande. Ved neste revisjon kan ein vurdere å gjøre tilsvarande endringar i dei andre avtalane.

I overordna samarbeidsavtale er det gjort endring i funksjonstida for dei kommunale representantane som no blir fire år, noko som vil bidra til større kontinuitet i arbeidet. Det er også tatt inn at partane kan ha ein fast vararepresentant i møter som vil endre status til medlem ved fråvær.

Når det gjeld tenesteavtale nr. 4, avtale om kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp, blei revisjonen handsama i eigen prosess. Psykisk helse og rus er nå inkludert i avtalen i tråd med krav i ny rettleiar. Så langt er det ikkje framforhandla særavtale til tenesteavtale mellom Helse Fonna og alle kommunane, men alle skal reviderast. Dei vil bli publisert på nett fortløpande etter at dei er signerte.

→ samarbeidsavtalane

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.