Brukarundersøking i kommunalt ØH-døgntilbod

kommunalt_ØH_døgntilbodI Helse Fonna-regionen er kommunane Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Suldal og Hardangerkommunane Odda, Jondal og Ullensvang starta opp med ØH-hjelp døgntilbod.

Samhandlingsutvalet såg det som tenleg at det vart nytta eit felles verktøy i alle kommunane for å høyre brukarane sine erfaringar med tilbodet. Oppdraget med utarbeiding av verktøy og gjennomføring vart gitt FOUSAM. Arbeidsgruppa med representantar frå kommunar, brukarar og føretak, fekk godkjent plan for arbeidet i Samhandlingsutvalet september 2015.

Arbeidsgruppa består av

  • Kjellaug Jacobsen (Karmøy kommune)
  • Tatjana Kramler (Hardangerkommunane)
  • Hilde Karin Teigen (Kvinnherad kommune)
  • Aud Edvinson (brukerrepresentant)
  • Liv Alsaker Sande (erfaringskonsulent i FOUSAM)
  • Sigrid Bøthun (FOUSAM/ Helse Fonna)
  • Sølvi Heimestøl (FOUSAM/ Helse Fonna)
  • Knut Skaug (FOUSAM/ Helse Fonna)
    .

Undersøkinga er bygd på erfaringar frå kommunar i Helse Bergen-regionen. Fagsenter for pasientrapporterte data, Helse Bergen, som har ein regional funksjon for brukarundersøkingar, har vore rettleiar i arbeidet og tar hand om databasen. Undersøkinga går føre seg i perioden 15. oktober til 31. desember 2015. Pasientane svarar på undersøkinga rett før dei vert utskrivne og kan få praktisk hjelp frå personalet eller pårørande i gjennomføringa. Kommunen kan velje om dei vil svare på nettbrett eller papir.

FOUSAM vil presentere resultat frå undersøkinga i januar 2016 til involverte partar og Samhandlingsutvalet.

Sølvi Heimestøl, leiar av arbeidsgruppa og rådgjevar FOUSAM

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.