Betra samhandling for pasientar med rus, dobbel- eller trippel-diagnose

Prosjekt «Korleis betra samhandlinga mellom 1. og 2. linjetenesta for å gi pasientar med rus, dobbel- eller trippel-diagnose eit betre og meir samanhengande behandlingstilbod»

Dette er eit samhandlingsprosjekt mellom kommunane Ullensvang, Jondal, Odda, Helse Fonna helseforetak og FOUSAM.

Målgruppa er personar i Odda, Ullensvang og Jondal med rusavhengighet eller problematisk bruk av rusmidler og/eller psykisk liding som er utan tilbod eller ikkje i tilstrekkeleg grad klarar å nyttiggjera seg av allereie eksisterande tilbod og er i behov av koordinerte og samansette tenester. Kommunane og Helse Fonna samarbeider for å gje menneske i denne målgruppa eit kvalifisert, forpliktande og individuelt tilbod, anten i kommune og/eller i spesialisthelsetenesta etter tilrettelagt behov.

I prosjektet blei det oppretta et samhandlingsteam som er tverrfagleg, tverretatleg, oppsøkjande med tilsette i brøkstillingar frå kommunane og spesialisthelsetenesta.

Aktiviteten i samhandlingsteamet kan kjenneteiknast ved

  • ei oppsøkjande tilnærming
  • koordinering av rus-/psykiatrisk-/somatisk behandling etter individuelle behov
  • fokus på kartleggjing, vurdering av pasientens totale livssituasjon
  • fokus på bosituasjon, skule, utdanning, aktivitet arbeid og nettverk
  • redusere rusmisbruk og risikoadferd
  • fokus på psykisk helse og auka livskvalitet

Fastlegar og andre som føler bekymring kan kontakta teamet for å leggja fram ei sak eller drøfte om ein pasient er aktuell for teamet. Det gjeld òg foreldre og andre pårørande. Anonymt, eller etter samtykke frå brukar. Formelle og administrative ordningar som henvisning og kommunale vedtak, kan gjerast ved behov i etterkant.

Spørsmål kan rettast til teamkoordinator Hilde Crovo Engesæter på telefon 53 65 43 69 / 975 58 596.

→ prosjektbrosjyre

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.