1,5 millionar kroner til prosjektet «Recoverykurs og recoveryutdanning»

Fekk full klaff med søknad – byggjer opp kurs og utdanning i recovery

Siste veka ga Extrastiftinga 1,5 millionar kroner til prosjektet «Recoverykurs og recoveryutdanning». Ikkje rart at prosjektleiarane Kristin Ådnøy Eriksen og Marianne H. Wennersberg jublar. Det er FOUSAM (felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommunar i Helse Fonna-regionen) som har vunne fram med prosjektet.

20161219_prosjektmidler_recoveryutdanning

 

 

 

Prosjektleiarane Kristin Ådnøy Eriksen og Marianne H. Wennersberg i HSH og FOUSAM har fått 1,5 millionar kroner frå Extrastiftinga til å utvikle kurs og utdanning innan «Recovery», eller betringsprosessar. Kort sagt handlar «recovery» om å følgje opp menneske med psykiske problem eller lidingar, og hjelpa dei til å leve meiningsfulle og gode liv. Søknaden frå FOUMSAM gjekk gjennom Rådet for psykisk helse.

Meiningsfulle og gode liv

Prosjektleiar Kristin Ådnøy Eriksen i HSH beskriver prosjektet slik:

– I samarbeid med Karmøy kommune vil me utvikle og gjennomføre recoverykurs og recoveryutdanning basert på modell frå «Recovery College» i England.

Recovery, eller betringsprosessar, handlar om å følgje opp menneske med psykiske problem eller lidingar, og hjelpa dei til å leve meiningsfulle og gode liv.

Eigen betringsprosess

– Me kjem til å bruka midlane på å utvikle eit kurs for personar som er brukarar av psykiske helsetenester i Karmøy kommune. Kurset handlar om eigen betringsprosess. Så vil me byggja ei utdanninga for personar som er tilsett som medarbeidar med brukarerfaring og andre som ynskjer å vera til hjelp for andre. Det handlar om å støtte andre i deira betringsprosess, og praksis i psykiske helsetenester blir ein del av opplæringa.

Brukarerfaring viktig

Kristin Ådnøy Eriksen tek mellom anna med seg erfaringar frå England inn i utviklinga av tilbodet.

– Tilsvarande kurs har vist seg å gje betre sjølvkjensle og kontroll i eige liv. Og bruk av medarbeidarar med brukarerfaring tilsett i helseteneste bidreg til betre tenester for pasientane der.

Arbeidet med recovery er også tema for ein stor forskningssøknad som FOUSAM har sendt til Norges Forskningsråd.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.