Workshop «Saman om å utvikla gode tilbod»

Skal lykkas – saman

Måndag 14. januar 2012 inviterte FoU-eininga i Helsetorgmodellen til workshop på Tysværtunet. Målet var å finne gode modellar for vidare samarbeid i lys av samarbeidsavtalane mellom Helse Fonna og kommunane. Samarbeidsavtalene forpliktar partane til å samarbeide om tilbod til pasientar med kroniske sjukdommar og utfordringar med helsa.

workshop_rehabilitering_2012

Lykkas gjør vi saman og ikkje ein og ein, sa Annbjørg Lunde, omsorgssjef i Tysvær kommune og styringsgrupperepresentant i Helsetorgmodellen, då ho opna workshopen «Saman om å utvikla gode tilbod» før  ho gav ordet over til leiar av FoU-eininga, Marianne Hauge Wennersberg, som var møtevert for dagen. Over 60 deltakrar frå både kommune og føretak, representert ved både leiarar og fagpersonar, var til stades.

Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm, rådgjevar i Bømlo kommune og medlem av styringsgruppa, fortalde om Helsetorgmodellen, eit samarbeidsprosjekt som har lagt godt grunnlag for likeverdig samarbeid mellom partane. Gunn Harladseid, dekan ved HSH peika i sitt innlegg på at FoU-eininga, Forsking og utviklingseining for samhandling, har vore og vil vere sentral i samarbeidet framover.

Viktig med førebyggjande arbeid
Samhandlingskoordinator i Helse Fonna, Sølvi Heimestøl, sa i sitt innlegg at Helse Fonna har inngått forpliktande og identiske avtalar med alle kommunane i sitt dekningsområde. Desse er bygd på nasjonale føringar.

Vi treng samhandling fordi samfunnet endrar seg. Utfordringar i samband med kroniske sjukdomar er aukande og gruppa av eldre i befolkninga er i vekst, sa Heimstøl og peikte på viktigheten av førebyggjande arbeid for å møte dette. Vi vil det beste for pasienten og det vil vi kunne få ut av dette samarbeidet.

Fleire av dei som driv prosjekt i lys av Helsetorgmodellen var også i Tysværtunet. Dei delte sine erfaringar og anbefalingar for feltet framover. Geriater Anikka Kragh i Helse Fonna presenterte prosjektet om fallførebygging, frisklivskoordinator Elin Hundseid og funksjonsleiar Christense Ek Eilerås presenterte Hjertetrim-tilbodet i Sveio. Helseteam for eldre vart presentert av kommunlege i Karmøy Dag Helge Rønnevik. Jorunn Sekse og Sigrid Bøthun, begge funksjonsleiar i  LMS, presenterte erfaringar frå utvikling av lærings- og mestringstilbod i samarbeid mellom kommune og føretak.

Kommunlege i Tysvær, Lars Johan Lysen orienterte om det nystarta Haugaland Folkehelsefoum og peika på behovet for å nå ut med tilbod og oversikt både til brukarar og fagpersonar.

Kroppsstrekk og workshop
Etter felles kroppsstrekk var det duka for workshop. Her blei deltakarane delt i to grupper for å diskutere førebygging for eldre, lærings- og meistringstilbod og folkehelsearbeid.

Begge workshop-gruppene samla seg om felles konklusjon. Det er ikkje tvil om at førebygging og samhandling er viktige felt å satse på.

Vi treng oversikt over kva som skjer både i helseføretak og kommunane for saman å utvikle gode tilbod, forklarte samhandlingskoordinator Heimestøl. Det er mange utfordringar som saman må løysast. Handlingsplanar og faglege nettverk er gode verkemiddel for å komme vidare og difor har FoU-eininga dette som satsingsområder. Samlinga i dag er god hjelp på vegen.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.