Temadag om amming gav fagleg påfyll og inspirasjon

Torsdag 23. mars var rundt 60 fagpersonar frå kommunane i Helse Fonna-regionen og føretaket samla til fagdag om amming. Jordmor frå Helse Fonna, Marit Alice Venheim og jordmor Inger J. Silgjerd Monstad frå Haugesund kommune, var programkomité for ein godt gjennomført dag i auditoriet på Haugesund sjukhus.

I tillegg til fagleg påfyll og praksiseksempel var dagen prega av engasjerte deltakarar som deltok i dialog og erfaringsutveksling. Det kom òg fram gode innspel til korleis samarbeidet mellom kommunar og føretaket kan bli enda betre.

20170323_temadag_amming

I evalueringa av fagdagen kom det fram at over 90 prosent var fornøyd til svært fornøyd med utbyte av fagdagen og 97 prosent opplevde å få påfyll for sin arbeidskvardag.

Sitat frå evalueringsskjema
«Dagen gav både faglig utbytte og nyttig møte med kollegaer frå andre kommunar og frå sjukehuset»
«Inspirerande, lært mykje»
«Flott med god kontakt mellom helseforetaket og kommunene!»

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.