Spennande fagdag «Habilitering og rehabilitering – til alle som treng det»

Oppsummering etter møteplassen i rehabiliteringsveka 2014

Arbeidsutvalet i koordinerande eining i Helse Fonna inviterte til spennande fagdag måndag 20 oktober 2014. Tema til fagdagen var «Habilitering og rehabilitering – til alle som treng det».

20141020_fagdag_rehabilitering_1Møteplassen heldt til på Skakkesenteret i Etne kommune som ligg sånn cirka midt i Helse Fonna. Det møtte 56 stk. til saman: 46 frå kommunane, 7 frå spesialisthelsetenesta, 2 frå Rehabilitering vest og 1 frå Høgskulen Stord/Haugesund.

Denne møteplassen var for koordinerande einingar og deira samarbeidsparter innan habilitering og rehabilitering i Helse Fonna føretaks område. Konferanse var gratis med støtte frå Helsedirektoratet.

Laila R. Nemeth, direktør medisinsk klinikk HF opna dagen og informerte om rehabiliteringstilbod i Helse Fonna og samarbeidsparter. Jorunn Sekse, rådgivar koordinerande eining i Helse Fonna, informerte om koordinerande eining og denne sin rolle og oppgåver.

Sigrun Gjønnes kom frå Helsedirektoratet og temaet på hennar innlegg var «Nasjonale tiltak for styrking av habilitering og rehabilitering». Nettbasert vegleiar for habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator, som er under arbeid, vart omtalt som del av denne heilheten.

Håkon Widding frå Ullensvang herad snakka om erfaringar frå eit rehabiliteringsforløp etter ryggmargsskade. Han fortalte både frå sjukehus og kommune perspektiv. Interessant innlegg frå brukarperspektiv. Han svara og på spørsmål i etterkant.

20141020_fagdag_rehabilitering_3  20141020_fagdag_rehabilitering_2
Sigrun Gjønnes frå Helsedirektoratet                Håkon Widding frå Ullensvang herad 

Lunsjen var på ein time så folk skulle få tid til å snakke saman.

Etter lunsj var det Jan Schwenke sin tur. Hans innlegg: «Kunsten å mestre livet når hodet halter». Han viste bilete, song og snakka om det å verte ramma av slag. Han fekk noko nedsett kraft og balanse i høgre side. Men det var det kognitive utfall, som var «usynlig» utanpå, som hadde gitt han dei største utfordingane. Han fortalte om ulike mestringsstrategiar og verktøy. Ei interessant vikling på innlegget. Nå arbeider han som føredragsholdar og brukarkonsulent på Sunnaas sykehus, avdeling Hjerneskade (HS).

Koordinerande eining i Haugesund kommune, Nancy Tindeland takk for ein interessant dag.

Tilbakemeldingane er at det var ein kjekk og interessant dag. Deltakerande var særs nøgd med brukarinnslaga – det gav inspirasjon til å fortsetja og «endra praksis».

Takk til alle som møtte og var med og gjorde dette til ein fin møteplass.
 .

Presentasjoner frå dagen

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.