Referat frå Toppleiarforum 04.09.14

Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, ønske deltakarane velkomne til Stord. Ho løfta fram Sunnhordland som ein region med sterk innovasjonskultur og stor aktivitet i næringslivet. Å etablere og utvikle gode alliansar er ei viktig drivkraft for dynamiske samfunn. Eskeland viste til nokre av dei store samfunnsprosessane som har innverknad på regionen, m.a. kommunereformen, vegprosjektet Hordfast, og høgskule-/universitetsstrukturen.

Kommunale ØH-tilbod
ØH-døgnplasser i kommunen var hovudtema for møtet. Stål Alfredsen, Haugesund kommune, Øyvind Valen, Suldal kommune og Anne Lise Naasen, Odda kommune presenterte kvar for seg sine erfaringar med kommunale ØH-senger. Ei positiv erfaring var at ØH-senger førte til høgare kompetanse for heile avdelinga der sengene var lokalisert. Av utfordringar var m.a. uklare kriterier for bruk, og usikkerhet blant fastlegane trekt fram.

Olav Klausen frå Helse Fonna la fram helseføretaket si oppleving knytt til etablering av kommunale ØH-senger. Han fortalde om godt samarbeid med kommunane, og at sjukehusa ønskjer å vere støttespelar i prosessen framover. Også Klausen la vekt på tydelege kriterier og tryggleik hos fastlegane som suksessfaktorar for tiltaket. Han refererte vidare til ei undersøking  utført av Fylkesmannen som viser låg bruk av tilbodet, og at tilbod med få senger er mindre robuste. Pr. i dag har ca. 1/3 av kommunane i Helse Fonna-regionen ØH-døgnplasser. Helseføretaket har ikkje registrert nedgang i tal ØH-innleggingar i samband med etablering av kommunale tilbod. Dei vil ikkje endre sitt tilbod før alle kommunane har etablert eigne ØH-senger.

Fylkeslege Pål Iden arbeider med etablering og oppfølging av kommunale ØH-tilbod. Han presiserer at det ikkje er sentrale føringar for organisering av tilboda, men at kommunane sjølv avgjer dette. Eit råd er å gjere risikoanalyse i starten av planlegginga. Brukarundersøkingar er også viktig. Det bør utarbeidast tydelege pasientkategoriar. Pasienten sin tryggleik skal alltid komme først. Iden oppfordrar til auka samhandling mellom kommunale ØH-tilbod og sjukehusa sine diagnostiske ressursar.

Knut Skaug presenterte FoU-eining for samhandling (FOUSAM) si rolle ved etablering av kommunale ØH-tilbod. I følgje tenesteavtalane skal det leggjast til rette for kunnskapsoverføring. FOUSAM har utvikla ein kompetansepakke («ØH-pakke») for kommunane. Andre tiltak i FOUSAM-regi er m.a. fagdagar og støtte til kartlegging og evaluering. Høgskulen har også fokus på dette fagområdet. HSH har tilbod om vidareutdanning i ØH-medisin, og det er auka kapasitet for utdanning av spesialsjukepleiarar.

Etter innlegga vart det opna for dialog mellom innleiarane og salen. Tema som vart drøfta var m.a. korleis auke bruken, grenser mellom nivå, kven tilbodet skal vere for, kunnskapsgrunnlag og dokumentasjon, og samhandling med andre tenester som legevakt og ambulanse/sjuketransport.

Informasjon frå SU
Leiar av samhandlingsutvalet (SU) Aud Gunn Løklingholm informerte om at det skal veljast to nye kandidatar frå kommunane til SU for perioden 2015-16. Det er ikkje krav til fag, men fordel med høgt administrativt nivå.

Nødnett
Det andre temaet for møtet var nødnett. Prosjektleiar Terje Olav Øen frå Helse Vest informerte om kva nødnett handlar om, og kva dette vil bety for kommunar og helseføretak. Nødnettet vil m.a. opne for sikker kommunikasjon på tvers av nivå og sektorar. Nettet kan også fungere som internt verktøy – alternativ til mobiltelefon. Nødnettet er mindre sårbart for bortfall i krisesituasjonar, og gir meir effektiv og fleksibel bruk av ressursar. Helse Vest vil tilby gratis opplæring av helsepersonell. Oppstart i drift er planlagt 2. kvartal 2015 for Helse Fonna og 4. kvartal 2015 for legevakttenesta.

 

Presentasjonene til dagen finner du her.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.