Referat frå samarbeidsmøte om kommunale ØHD-plassar

Alle kommunar skal frå 2016 sørgje for tilbod om døgnopphald for helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for øyeblikkeleg hjelp. Formålet med oppretting av kommunale øyeblikkeleg hjelp døgntilbod er å gi tenester nært der pasientane bur, og redusere tal på øyeblikkeleg hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta.

I perioden 2012 fram til 2016 da lovkravet blir gjeldande, har det vore mogleg for kommunar å søke om tilskot til å starte opp med kommunalt øyeblikkeleg hjelp tilbod etter inngåing av særavtale med helseføretaket. I Helse Fonna har sju av kommunane inngått særavtale om kommunalt tilbod.

Så langt har det vore utfordrande å få god utnytting av øyeblikkeleg hjelp plassane og helseføretaket har heller ikkje registrert reduksjonar i innleggingar i sjukehusa.

Helse Fonna tok initiativ til eit samarbeidsmøte 22. juni 2015 med dei kommunane som har etablert kommunalt øyeblikkeleg hjelp døgntilbod, der kommunar og helseføretak diskuterte utfordringar og mogelege tiltak.

→ Referat frå samarbeidsmøte 22. juni 2015

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.