Ønskjer forsking i kommunane

Torsdag 25. januar blei det arrangert Strategisk toppleiarforum for kommunar, helseføretak i Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Invitert var ordførerar, rådmenn, helse- og omsorgsleiarar i kommunane, direktørar i helseføretak og administrative leiarar ved HVL. Til saman var det over 60 personar samla frå heile Helse Fonna-område. Temaet på samlinga var «Kommunane si rolle i høve til forsking».

20180125_strategisk_topplederforum

Ulike aktørar bidrog med interessante innlegg om forsking og kva som må leggast til rette for at kommunane skal bli ein aktiv aktør i forsking og ikkje berre blir forska på.

Professor ved HVL, Geir Sverre Braut, var møteleiar og innleia dagen med temaet «Forsking i kommunane – kvifor skal me bry oss om det? Seks stipendiatar og forskerar gjennomførte ein sprek forskingsstafett, der dei i korte trekk fortalte om spennande lokale forskingsprosjekt.

Deltakerane vart utfordra på å diskutere over bordet kva for vilkår som må leggast til rette for å starte med forsking i kommunen. I tillegg skulle dei finne aktuelle forskingsspørsmål for kommunen. Dagen blei avslutta med ein paneldebatt der representantar frå dei ulike aktørane diskuterte både vilkår og spørsmål i høve til forsking.

Konklusjonen vart at samarbeid mellom kommunane er ein viktig føresetnad for å få til forsking der kommunane er ein aktiv part. Til nå er det bare høgskulen og helseføretak som har forskingserfaring. Helseføretaket er forplikta til å forske og får ressursar til dette, mens kommunane må søke om (for-) prosjektmidlar og forskingsmidlar. Det er lite erfaring med dette i kommunane, og ein må i tillegg jobbe med å finne dei viktige områda ein treng meir kunnskap om.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.