Nyttig erfaringsdeling og påfyll om kommunalt ØH-døgntilbod

Torsdag 26. januar 2017 inviterte FOUSAM til erfaringsdeling og påfyll for fagansvarlege sjukepleiarar, legar og leiarar som er tilknytt kommunalt øyeblikkelig hjelp døgntilbod (ØH-døgntilbod). Samlinga vart arrangert på oppmoding frå kommunar som har eit slikt tilbod og Tysvær kommune var vertskap for dagen.

Det var godt over tretti deltakarar samla og alle ØH-tilboda i regionen var representert, med unntak av Hardangerkommunane, i tillegg til representantar frå Helse Fonna.

20170126_erfaringssamling_øhtilbud

Rådgjevar i FOUSAM ønskte velkommen og presenterte FOUSAM si rolle med tilbod om kompetansepakke ved oppstart av tilbodet og med felles brukarundersøking for heile regionen vår. Samhandlingssjef i Helse Fonna og leiar av Samhandlingsutvalet Kari Ugland, kunne med stor entusiasme invitere til førpremiære på filmen som Samhandlingsutvalet har laga med bakgrunn i resultat frå brukarundersøkinga. Den viser at pasientar innlagt i ØH-døgntilbod i kommunane våre opplever tryggleik, er godt nøgd med behandling og informasjon og har tillit til dei tilsette. Filmen vart applaudert og godt teken i mot av deltakarane. Den vert gjort tilgjengeleg på FOUSAM sine sider så snart den er klar. Ugland kunne òg presentere planar for felles registrering av aktivitet i alle kommunale ØH-døgntilbod i Helse Fonna-regionen.

Alle dei åtte ØH-døgntilboda som var tilstades, fekk kort fortelja om eininga si, både det dei var stolte over og utfordringar som dei møter i arbeidskvardagen, her vart det nytta både powerpoint, munnleg presentasjon og teikning i presentasjonane. Det var tydeleg at forsamlinga kjende seg igjen i kvarandre sine erfaringar sjølv om dei òg såg ulikheiter i tilboda.

Psykolog Håvard Wester Breistein frå Haugaland DPS, hadde innlegg om psykisk helsevern og ØH-døgntilbod. Han har vore med i arbeidsgruppa som har laga forslag til revidering av Tenesteavtale 4 der psykiske helseutfordringar no vert inkludert som målgruppe for innlegging i tilbodet.

Etter lunsj presenterte Maria Andreeva, lege i Tysvær kommunale ØH-døgntilbod, muligheiter og utfordringar slik kommunen ser det og Atle Totland, overlege lunge medisinsk seksjon Helse Fonna, slik føretaket opplever det. Innlegga gav godt grunnlag for vidare dialog i grupper om korleis utfordringane kan løysast saman framover.

Avslutningsvis vart det drøfta behov for møtepunkt og erfaringsdeling framover. Deltakarane var samde om behovet for å jobbe saman om utvikling av til dømes felles verktøy, retningsliner, prosedyrar og fagleg oppdatering. Forsamlinga vart einige om å sjå vidare på korelis eit slikt samarbeid kan få ein god struktur.

«Her var gode innlegg, engasjerte deltakarar og gode diskusjonar. Svært nyttig at forsamlinga var tverrfaglig» (kommentar frå deltakar).

Sølvi Heimestøl
Rådgjevar i FOUSAM

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.