Nærleik når det røyner på

20160303_øh_kompetanseheving_tysnes

Tysnes kommune har no etablert øyeblikkelig hjelp døgntilbod for sine innbyggjarar. Tilbodet vil gje pasientar med avklart helsetilstand, men som får akutt forverring, god og rask hjelp der dei bur. For å vere forberedt til nye oppgåver deltok alle fast tilsette sjukepleiarar og pleie- og omsorgsleiar på fagdag ved Stord sjukehus 3. mars 2016. Dagen var ein del av kompetansepakken som FOUSAM tilbyr alle kommunar som startar opp med ØH-hjelp døgntilbod.

Fagdagen vart arrangert i samarbeid med Stord sjukehus og overlege Ralf Teetzmann som ønskte velkommen. Han understreka det gode samarbeidet med Tysnes kommune, at sjukehuset vil gje støtte og rettleiing etter behov og at dei «berre er ein telefon unna». Britt J. Rikstad Myklevoll, Helse Fonna, leia dagen der tema var KOLS ved overlege Knut Skaug, diabetes ved diabetessjukepleiar Kristi Litlabø Bunes og mottak/observasjon av pasient ved Grete Fylkesnes, fagsjukepleiar.

Tysnes kommune er ein av dei minste kommunane i Helse Fonna, men som innbyggjarar i eit øysamfunn har dei tradisjon for godt samarbeid til pasienten sitt beste. Dei er vande med å ta imot pasientar på kort varsel, har dyktige sjukepleiarar og godt samarbeid med legetenesta i kommunen. Neste år står nytt helse- og omsorgsbygg klart og der får ØH-hjelptilbodet sin naturlige plass. «Me er klar for å starte opp tilbodet og set stor pris på at Stord sjukehus og FOUSAM på kort varsel har fått til både fagdag og hospitering for oss» seier Helga Nilsen Boland Kst. pleie- og omsorgsleiar i Tysnes kommune.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.