Mange engasjerte deltakarar på møteplass kvardagsrehabilitering

«Det dreier seg om livskvalitet. Det dreier seg om hele livet.» Ingvill Sveen

16. april 2015 inviterte arbeidsutvalet i Koordinerande Eining i Helse Fonna til møteplass med fokus på kvardagsrehabilitering. Møteplassen var eit samarbeid med implementeringsgruppa i heimerehabilitering. Gruppa er eit resultat av FOUSAM-prosjektet heimerehabilitering, og eit samarbeid mellom Koordinerande Einingar (KE) i kommunane, Høgskulen Stord/Haugesund, Stord sjukehus og kommunane Stord, Bømlo og Fitjar.

Det møtte 67 personar representert frå 11 ulike kommunar i Helse Fonna samt representantar frå HSH, sjukehusa i Helse Fonna og frå Helse Stavanger. Fagdirektør i Helse Fonna Haldis Johanne Økland Lier, opna dagen på Bjørgene utviklingssjukeheim.

møteplass_hverdagsrehabilitering_2015_1  Glimt frå salen

Ingvill Sveen, avdelingsleiar ved Hverdagsrehabilitering i Stavanger kommune, hadde eit engasjerande innlegg om korleis dei hadde planlagt, gjennomført og no utførte kvardagsrehabilitering i Stavanger. Interessant å høyre om deira erfaringar. Ho understreka at dei fortsatt må jobbe med å nå ut med informasjon om tilbodet, både til brukarar og til ansvarleg leiing i kommunen.

møteplass_hverdagsrehabilitering_2015_2  Ingvill Sveen, avdelingsleiar Hverdagsrehabilitering i Stavanger kommune

Neste innlegg var «Erfaringsdeling frå implementeringsgruppa i kvardagsrehabilitering». Representantar frå Stord sjukehus, Stord, Fitjar og Bømlo kommunar hadde kvar sine innlegg om ulike erfaringar og utfordringar.

Etter ein god lunsj frå kjøkkenet på Bjørgene informerte Jorunn Sekse, KE i Helse Fonna, om Koordinerande Eining. Det er ynskje frå implementeringsgruppa å få til eit fagnettverk i rehabilitering i Helse Fonna regionen. Mandat for nettverk og muligheiter blei lagt fram.

Bente Kvilhaugsvik, høgskulelektor ved HSH, hadde innlegg om tverrprofesjonelt samarbeid og -samarbeidslæring (TPS). HSH har eit TPS-prosjekt der dei og har ei ny vidareutdanning i TPS. I tillegg har Kvilhaugsvik vore med i heimerehabiliteringsprosjektet som representant frå HSH, og informerte om arbeid og erfaringar frå prosjekt til implementering.

møteplass_hverdagsrehabilitering_2015_3  Jorunn Sekse og Bente Kvilhaugsvik leia dagen

Siste økt var gruppearbeide med dialog i grupper, der me stilte spørsmåla:

  1. Kvardagsrehabilitering i eigen kommune, korleis ein gjer det/kan gjere dette.
  2. Korleis kan sjukehus fange opp og melde behov for rehabilitering til Koordinerande Eining i kommunen?

Dialogen i gruppene var bra og me hadde ein oppsummering i etterkant.

møteplass_hverdagsrehabilitering_2015_4
Stikkord etter oppsummering

Engasjerte deltakarar og gode faglige innlegg gjorde sitt til at dette vart ein vellykka og nyttig møteplass. Takk til alle som møtte og bidrog til dette!

Jorunn Sekse, Koordinerande Eining i Helse Fonna
.


Kan me etablere fagnettverk i rehabilitering i Helse Fonna?
Gje tilbakemelding på e-post til KE i Helse Fonna, Jorunn Sekse, om dette kan være aktuelt for deg/din kommune.
→ jorunn.sekse@helse-fonna.no

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.