Lytter vi til forskerne og omfavner ny kunnskap?

Forsking på organiseringa av helsetenesta og implementering av evidensbasert kunnskap i klinisk praksis

Den 22.-23. november 2016 arrangerte FOUSAM, Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Fonna saman forskingskonferansen «Lytter vi til forskerne og omfavner ny kunnskap?». Målgruppa for konferansen var forskarar og helsepersonell fra kommune, helseforetak, høgskole og universitet. Tenestebrukarar og pårørande var inviterte.

Tema den 22. november var forsking på organiseringa av helsetenesta og implementering av evidensbasert kunnskap i klinisk praksis. Høgdepunkta på konferansen var føredraga av professorane Kris Vanhaecht fra universitetet KU Leuven, Belgia, og Anne-Marie Boström fra Karolinska Institutet, Stockholm. Kris Vanhaecht fokuserte på teamarbeid og pasientforløp. Illustrert av eksempel fra forskingsprosjekt påpeikte han utfordringane forskarar møter i sitt arbeid med å kartlegge kva faktorar som er verksame ingrediensar i kvalitetsforbetringarbeid og korleis desse verkar. Anne-Marie Boström presenterte eit stort forskingsprosjekt innan aldersomsorga i Sverige, og ho fortalde om korleis sjukepleiarstudentar opplever at dei meistrar klinisk praksis.

20161122_forskningskonferanse_1
Frå venstre: Merete Røthing, rådgjevar Koordinerande eining og Samhandlingseininga i Helse Fonna HF; Anne-Marie Boström, forelesar ved Karolinska Institutet og utviklingssjukepleiar på Danderydgeriatriken/SLSO; Kris Vanhaecht, generalsekretær i European Pathway Association

Deretter presenterte forskarar fra regionen sine prosjekt. Avslutningsvis gjekk deltakarane saman gjennom den nye nasjonale forskingsstrategien «HelseOmsorg21», og diskuterte mulige måtar vi i vår region kan samarbeide betre om forsking på for å oppfylle føringane i denne strategien. Særleg er det viktig å finne gode måtar for kommunane å gjennomføre forsking.

20161122_forskningskonferanse_2
Frå venstre: Eva Biringer, seniorforskar ved Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Fonna HF; Kristin Folven, koordinator Fag og føretaksutvikling i Helse Fonna HF; Malin Knutsen, stipendiant ved Høgskolen Stord/Haugesund 

20161122_forskningskonferanse_4

Konferansen vart følgd av ein forskarworkshop dagen etter, den 23. november. Denne dagen utdjupa nokre forskarar sine prosjekt. Kris Vanhaecht og Jörg Aßmus fra Kompetansesenter for klinisk forskning (KKF) i Helse Bergen gav råd for korleis forskingsprosjekta deira kunne bli endå betre.

20161122_forskningskonferanse_3
Frå venstre: Christine Øye, førsteamanuensis ved Høgskolen Stord/Haugesund og rådgjevar forsking og utvikling FOUSAM; Merethe Hustoft, stipendiant ved Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Bergen; Kristin Ådnøy Eriksen, førsteamanuensis ved Høgskolen Stord/Haugesund og rådgjevar forsking og utvikling FOUSAM

Alt i alt ga presentasjonane eit breitt bilete av det interessante og viktige arbeidet som pågår innan forsking på organisering av helsetenester i vår region. Ønsket om å skape ein felles arena for forskarar fra ulike miljø, både innan høgskule, kommunar og helseføretak, låg bak initiativet som FOUSAM, HSH og Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Fonna tok då dei gjennomførte denne konferansen i Haugesund.

Eva Biringer, seniorforskar ved Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Fonna HF

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.