Kurs i helsepedagogikk

«Matnyttig og lærerikt»

I løpet av fire kursdagar fekk deltakarar frå brukarorganisasjonar, kommunehelsetenesta og Helse Fonna opplæring i korleis ein kan drive gruppebaserte kurs for pasientar og pårørande. Det angra dei ikkje på.

«Matnyttig og lærerikt» var ein av kommentarane frå dei 38, både erfarne kurshaldarar og «ferskingar», som var med då helsepersonell og erfaringsrepresentantar deltok på det første kurset i helsepedagogikk i Helse Fonna i mars og april.

kurs_helsepedagogikk_2012

Leiar Sigrid Bøthun ved LMS i samtale med Anita Strøm som føreleste og Sandra Våge frå Brukarutvalet om endra pasient- og personalroller.

Endring i roller
Eit av tema på kurset var innføring i korleis rollene har endra seg i helsevesenet, til meir aktive og deltakande pasientar og pårørande. Frå sitt doktorgradsarbeid presenterte Anita Strøm, frå Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring, sine funn om brukarroller i samarbeidet med helsepersonell, og korleis ein kan fremje deling av kunnskap mellom brukarar og fagpersonar.

Helsefremjande samtale
Myndiggjering av pasientane og styrking av deira eigne ressursar er ofte viktige føresetnader for at behandling skal lukkast, spesielt i møte med livsstilssjukdomane som er i stadig auke. Kurset gav derfor innføring i korleis ein med gruppa som læringsarena kan legge til rette for god kommunikasjon og helsefremjande samtalar. Innføringa blei godt mottatt: «Ønskjer eg kunne hatt dette kurset tidlegare. Eg kjem til å forandre kursa om eg skal ha fleire, og bruke gruppa meir», skreiv ein av deltakarane i kursevalueringa.

kurs_helsepedagogikk_2012_2

Nokon av deltakarane på kurset i rollespel ved eit tenkt kurs, medan dei bak observerer og etter på reflekterer over kva dei la merke til.

Å ha med brukarane For mange av kursdeltakarane var det også nyttig å få innføring i Lærings- og meistringssenteret sin arbeidsmetode for gruppeundervising, der brukarmedverknaden er sentral i heile kursprosessen. For deltakarane var det ei spennande erfaring å ha brukarar med i gruppearbeidet som var lagt inn i kurset.

Heilskapen i eit kurs
Kurset i Helsepedagogikk kombinerte gruppearbeid, innføring i praktiske og metodiske verktøy med forankring i teori om læring og meistring, heile tida med undertonen om at også helsepedagogikkurset i seg sjølv var ein modell for læring.

Difor var det ikkje tilfeldig at kaffien ikkje var på plass då folk kom den eine morgonen: Kva som skjer med kursdeltakarane då? For det er ikkje berre tema i kursa ein må tenke på, også praktiske gjeremål er ein viktig del av heilskapen og oppgåvene som kurshaldar.

Kvifor kurs i helsepedagogikk?
Kurset var eit samarbeid mellom Helsetorgmodellen og Lærings- og meistringssentra i Helse Fonna. Med samhandlingsreforma vil det bli meir kursverksemd i kommunane, og det er derfor nødvendig at helsepersonell er budde på dette.

Tekst: Kari Vik Stuhaug, fagkonsulent LMS i Helse Fonna

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.