Kurs i Helsepedagogikk

Korleis kan vi fremje helse og meistring? Kva skal til for at kunnskap blir til nytte? Korleis kan vi spele på dei ressursane folk har?

Helsepersonell skal legge til rette for helsefremjande og førebyggande arbeid i møte med pasientar og pårørande. I dette arbeidet er brukarane viktige samarbeidspartar. Målsetjinga med kurset er at du skal bli tryggare i formidling og i å skape gode møte mellom brukarar og helsepersonell.

Kurset vil legge vekt på

  • Helsefremjande tenking og pedagogiske verktøy
  • Samarbeid mellom erfarne brukarar og helsepersonell
  • Tilrettelegging av gruppetilbod
  • At du tileignar deg haldningar, kunnskap og praktiske ferdigheiter

Målgruppe
Erfarne brukarar og tilsette i kommune- og spesialisthelseteneste som er engasjert i helsefremjande og førebyggjande arbeid; frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for pasientar og pårørande.

Program
→ Helsepedagogikk 2016

Tid og stad
Tysdag 9., onsdag 10. og onsdag 24. februar, torsdag 10. mars. Alle dagar frå kl. 09:15-14:30/15:00.
Det blir lagt til rette for to felles samlingar i Etne, og to samlingar der ein kan delta via videooverføring. Aktuelle studio er Stord, Sauda, Odda og Haugesund. Dette blir endeleg bestemt når vi har oversikt over på-meldingane. Opplegget krev gruppearbeid og deltakarane blir sett saman til passande gruppe med kursleiar i kvart studio.

Påmelding
Elektronisk påmelding her.
Påmeldingsfrist: 25. januar 2016

For meir informasjon
Lærings- og meistringssenteret, tlf. 52 73 28 80 / 97 02 81 66

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.