Gjennomførte prosjektleiarkurs spesielt tilpassa BTI-arbeidet

FOUSAM er med i satsinga på «Betre tverrfagleg innsats» i Helse Fonna-regionen. Det er ei stor satsing med mange involverte kommunar i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Målet er å gje barn og unge betre, meir målretta og tidlegare hjelp når dei og familien møter utfordringar og sjukdom. Det er mange prosjektleiarar involvert i satsinga og dei opplevde behov for eit kurs i praktisk prosjektleiing.

FOUAM har samarbeidd med KoRus Vest Stavanger, KoRus Sør, Helse Fonna, UniResearch og RKBU Vest for å utvikla eit prosjektleiarkurs spesielt tilpassa BTI-arbeidet. Kurset går over 3 dagar og dei første to dagane vart arrangert i mai, siste dag i kurset kjem i september.

Haugesund viste seg frå si beste side desse maidagane med sol og varme, og det var mange flotte fagpersonar samla som brenn for at barn og unge via dette prosjektet skal få det betre. Dei skal ut og motivere og engasjere mange i sine kommunar og dei gav uttrykk for at dagane hadde gitt både kunnskap, erfaringsdeling og praktiske verktøy.

Her får du ein liten stemningsrapport frå kurset: www.facebook.com/Korussor/posts/901936723311295

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.