FOUSAM samla leiarar og nestleiarar i faglege nettverk

Faglege nettverk er svært viktige for samhandlinga mellom sjukehus og kommunane og for at pasientane skal få god oppfølging! Dette var hovudbodskapen til leiar av FOUSAM Marianne H. Wennersberg, da ho innleia på samlinga i slutten av mai. FOUSAM inviterte til erfaringsutveksling og påfyll for leiarar og nestleiarar i faglege nettverk i FOUSAM. Heile 8 av de 10 faglege nettverka i samhandlingsstrukturen i Helse Fonna-regionen under «FOUSAM-paraplyen», var representert.

20180530_nettverksledersamling

Det er viktig for FOUSAM å ha ei slik samling for at de skal vite om kvarandre, dra nytte av ulike erfaringar og gje oss innspel på korleis vi kan gje god oppfølging og støtte. Kvart nettverk har sin kontaktperson i FOUSAM. Faglege nettverk involverer fagpersonar frå både sjukehus, kommune og høgskule i tillegg til brukarrepresentantar, og kvart år deltar mange i arbeidsgrupper og på fagdagar i regi av dei ulike nettverka.

Tre av nettverka presenterte seg på samlinga for å vise kor forskjellig arbeidet kan vera, sjølv om alle nettverk har eit felles overordna mandat. Via ulike arbeidsmetodar fekk deltakarane utveksle erfaringar og gje tilbakemelding til FOUSAM.

Som fagleg tema sto god møteleiing på programmet. Deltakarane på samlinga sa at det var nyttig å treffe både kvarandre og FOUSAM-teamet, og at ein såg fleire muligheiter for samarbeid på tvers av nettverk etter denne dagen.

FOUSAM tar innspela på alvor og vil jamleg invitere til samling for leiarar og nestleiarar av faglege nettverk.

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.