Første Toppleiarforum i 2014

Innovasjon og velferdsteknologi

Samhandlingsutvalet inviterte til årets første Toppleiarforum torsdag 30. januar. 16 kommunar og føretak var representert ved politisk og/ eller administrativ leiing i tillegg til fylkesmann, tillitsvalde, KS og Samhandlingsutvalet.

Toppleiarforumet var denne gongen lagt til Karmøy og ordførar Aase Simonsen ønskte velkommen. Kulturskulen i Haugesund sto for nydeleg fløytespel ved Rebekka Lie, akkompagnert av Ingrid E. Berg Tobiassen.

Se bilde her.

Hovudtema for dagen var innovasjon og velferdsteknologi. Anund Rannestad, fagsjef i seksjon for innovasjon ved Stavanger universitetssykehus, stilte i sitt innlegg spørsmålet «Velferdsteknologi – ei ny framtid for pasient og behandlar?» Hovudfokus i all endring må vere pasienten og korleis pasientforløpet kan bli betre, poengterte Rannestad. Når ny teknologi, system og nyvinningar skal utviklast, må ein lytte til dei som er brukarar, både helsepersonell og pasientar. For å møte framtidas sjukdomsutvikling i befolkninga med fleire eldre, kronisk sjuke og livsstilssjukdommar, må det tenkjast nytt. Teknologi skal ikkje erstatte omsorg, men brukt på rett måte kan den gje store muligheiter framover. Utfordringar som utvikling av felles IKT-plattform og system som «snakkar saman» på tvers av sjukehus og kommunar, må løysast for å få berekraftige og tenlege løysingar. Prosjektet Helse@hjemme ved Stavanger sentralsjukehus, handlar om å etablere felles plattform der ein kan samarbeide på tvers.

Etter lunsj og god dialog rundt borda, var det tid for «Nytt frå Helse Fonna» ved direktør Olav Klausen og presentasjon av analyser, tal og trendar i samband med samhandlingsreforma ved Jostein Staupe Aksdal, Økonomienheten, Haugesund kommune.

Leiar av Samhandlingsutvalet (SU), Aud Gunn Løklingholm, presenterte medlemmane i Samhandlingsutvalet og orienterte om arbeidet. Revisjon av avtalar med integrering av psykisk helsevern og rus, har vore ein tidkrevjande prosess. SU ser behov for meir fokus på etterleving og oppfølging av avtalane i det vidare. Partane er einige om å leggje sekretariat for SU til FoU-eining for samhandling (FOUSAM). Nyleg tilsett leiar av FOUSAM, Marianne Hauge Wennersberg, presenterte eininga og forklarte korleis struktur, formål og arbeidsform er lagt opp for å tene partane best mogleg.

«Me må ikkje gløyme kvifor me er her og kven me er sett til å ivareta i samarbeidet vårt» var møteleiar og nestleiar i SU, Kari Ugland, sin introduksjon til dagens siste førelesar. Den erfarne brukaren Arne Gilbakken, gav oss eit lite innblikk i korleis kvardagen kan vera når ein er blind og korleis verdien av ny teknologi kan bidra til sjølvstende og meistring. Hans klare oppfordring var å setje krav til universell utforming i alle offentlege innkjøp og at system for opplæring i bruk av gode hjelpemidlar må ivaretakast.

Sølvi Heimestøl
FoU-eining for samhandling

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.