Fokus på samarbeid mellom sjukehus og kommunar

Samhandlingsseminar i Odda

Onsdag 10. juni 2015 var representantar frå Odda sjukehus, Helse Fonna og kommunane i Hardanger, samla på Meieriet i Odda til samhandlingsseminar. Målgruppa for seminaret var leiarar og tilsette som er involvert i overføring av pasientar, fagsjukepleiarar og andre ressurspersonar i kommunane og i Helse Fonna. Innhaldet i seminaret adresserte problemstillingar knytt til overføring av pasientar mellom helseføretaket og kommunane, og korleis ein kan forbetra samhandlinga til pasienten sitt beste.

Samhandlingskoordinator i Helse Fonna, Sølvi Torvestad ønskte velkommen og beskreiv bakgrunnen for seminaret.

Laila Stensletten nestleiar i Brukarutvalet i Helse Fonna, delte av sine erfaringar og tankar kring utskriving frå sjukehus til kommune når eit familiemedlem har behov for oppfølging frå begge partar. Ho peika mellom anna på viktigheita av å sjå og ivareta heile mennesket, både fysisk og psykisk.

20150610_samhandlingsseminar_odda_3  Jorunn Sekse, koordinerande eining og Laila Stensletten, Brukarutvalet Helse Fonna

Ansvarlig for gjennomføring av dagen var felles forsknings- og utviklingseining for samhandling (FOUSAM) i samarbeid med Samhandlingseininga i Helse Fonna. Sølvi Heimestøl, rådgjever i FOUSAM, leia dagen og hadde ei orientering om samhandlingsstrukturen i Helse Fonna og FOUSAM sine arbeidsområde. Helse Fonna, Høgskolen Stord/ Haugesund og 18 kommunar er FOUSAM sine eigarar og samarbeidet er forankra i forpliktande avtaler mellom partane. Saman skal kommunane, helseføretaket og høgskulen løyse utfordringane i Samhandlingsreforma, tilpassa struktur og behov i regionen.

Les meir om Samarbeidsavtalar her.

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering er ein viktig funksjon i samhandlinga mellom kommune og sjukehus. Jorunn Sekse, rådgjevar i koordinerande eining, Helse Fonna, fortalde om koordinerande eining sine oppgåver og funksjon. Eininga har eit kontaktnettverk til alle kommunane i regionen og har eit arbeidsutval som arrangerer Møteplassen.

Resten av dagen arbeidde deltakarane i grupper med case som såg på utfordringar i samhandlinga. Korleis kan flyten i tenesta bli best mulig for pasient og pårørande? Det vart ein god dialog og deltakarane gav uttrykk for at dei gjennom å møtas fikk betre innsyn i samarbeidspartnaren sin arbeidskvardag. Via gruppearbeidet fekk deltakarane drøfte kva samarbeidsavtalane seier om krav til rutinar for samhandling og korleis dei fungerer i praksis. Deltakrane kom òg med forslag til korleis samarbeidet kan bli enda betre.

20150610_samhandlingsseminar_odda_1 20150610_samhandlingsseminar_odda_2  Deltakarar rundt bord.

Dette er det 4. samarbeidsseminaret som er gjennomført mellom Helse Fonna og kommunane. Det har tidlegare vore gjennomført seminar etter same modell mellom Haugesund sjukehus og Karmøy kommune, Haugesund sjukhus og Haugesund kommune og Stord sjukehus og Sunnhordalandskommunane.

Rapportar frå seminara

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.