Fagnettverk kreftomsorg og lindrande behandling var samla til årleg fagdag

Tysdag 6. mars arrangerte fagnettverk kreftomsorg og lindrande behandling fagdag for alle nettverksmedlemmane og deira leiarar. Rundt 125 deltakarar var samla for å høre på årets tema «Ivaretaking av hjelparen». Korleis kan ein ivareta hjelparen når hjelparen står i store utfordringar eller når hjelparen gjer feil.

Leiar ved Kompetansesenter for kreftomsorg og lindrande behandling, Dagny F. Haugen, starta dagen med å fortelje om aktivitetane i nettverket og om funna som er gjort i evalueringa av fagnettverket.

Psykologspesialist Marianne Straume ved Senter for krisepsykologi i Bergen snakka om å være hjelpar når pasientar er alvorlig sjuke og døyande og om kva for faktorar som er viktige for å oppretthalde gleda og motivasjonen i arbeidsfellesskapet. Her har både leiarar og kollegaer et ansvar.

Til slutt var det professor i etikk ved Universitetet i Agder, Terje Mesel, som fortalte om sitt forskingsprosjekt om når noko går galt i helsevesenet. Forteljingar om skam, skyld og ansvar. Dette var eit tema som det er tydeleg at mange er opptatt av og som skapte gode refleksjonar i gruppearbeida.

20180306_fagdag_lindrende_behandling
Presenterte på fagdagen: professor i etikk Terje Mesel fra Universitetet i Agder

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.