«Eg har alt anbefalt kurset til mange!»

«Eg har alt anbefalt kurset til mange! Kortvarig, praktisk retta, mogeleg å få til for dei fleste», «Mykje bra kunnskap som kan nyttast i ulike samanhengar, ikkje berre i helsearbeid, men også privat og på fritida», uttrykte nokre av deltakarane seg etter kurs i helsepedagogikk.

23 godt nøgde brukarar og fagpersonar fullførte kurset i helsepedagogikk som LMS-teamet i FOUSAM gjennomførte i februar og mars 2015. Gruppearbeid og rollespel, praktiske øvingar i lure måtar å stille spørsmål på, teori og bakgrunnsstoff inviterte til refleksjon og engasjement gjennom dei fire kursdagane. Også erfaringsrepresentantar var inne og delte av sine erfaringar i kurset der brukarmedverknad og det å dele på rollene som ekspertar var sentrale tema.

helsepedagogikk_2015_1 helsepedagogikk_2015_2 helsepedagogikk_2015_3

Målet med kurset i helsepedagogikk er å setje fagpersonar og brukarar betre i stand til å gjennomføre kurs og opplæring innan helsefeltet, særleg med pasientar og pårørande som målgruppe. I møte med aukande livsstilssjukdommar må m.a. pasientane sjølve ta ansvar for endring  av levevanar. Korleis kan kurshaldarane stimulere til det? Det blei undervist om pedagogiske verktøy som skaper involvering og engasjement, og då nytta det ikkje berre med teori. Også i praksis fekk deltakarane bruke pedagogisk sol, reflekterande team og gruppearbeid for å planlegge kurs.

→ presentasjonar

Deltakarane kom frå heile Helse Fonna-distriktet; frå både kommunar, Helse Fonna HF og Rehabilitering Vest. Ei god gruppe frå brukarorganisasjonar deltok også. Tysværtunet baud på gode lokale og god mat to av dagane, dei andre to gjekk føre seg i studio i Etne og Haugesund med videooverføring, slik at ein reduserte kjøring for dei som hadde lengst veg.

Det er LMS-teamet i FOUSAM og Helse Fonna som står for kurset i samarbeid med brukarrepresentantar og Høgskolen Stord/Haugesund.

Kari Vik Stuhaug, Lærings- og meistringsteam

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.