Barn som pårørande treng å bli sett!

Engasjerte fagpersonar frå kommunar og føretak var samla på Stord den 22. januar for å ha fokus på oppfølging av barn når nokon i familien er sjuk. Samlinga var ein del av prosjektet Barn som pårørande, eit samhandlingsprosjekt mellom kommunane Fitjar, Haugesund, Vindafjord, Etne og Kvinnherad og Helse Fonna, Korus Vest, RVTS og FOUSAM i tillegg til Ungdomsrådet og Brukarutvalet i Helse Fonna.

Ein stor studie, Multisenterstudien, gjennomført på bestilling frå Helsedirektoratet, viser at barn vert påverka av sjukdom i familien, at det er store udekka behov i oppfølginga og at samhandlinga mellom føretak og kommunar er mangelfull. Dette ønskjer prosjektet som har fått midlar frå Helsedirektoratet, via Barns Beste, å gjera noko med.

20180122_representantar_ungdomsrådet
Representantane frå ungdomsrådet: f.v. Emily Hunter, Siv Emberland og Anders Kannelønning

Tre engasjerte ungdommar frå ungdomsrådet delte av sine erfaringar som pårørande og formidla sterke historiar på ein tankevekkande måte. Barns beste, Klinikk for psykisk helsevern og Veiledningssenteret i Rogaland, deltok med faglege innlegg. Resten av dagen vart nytta til gruppearbeid der deltakarar frå både kommunar og føretak saman arbeidde med konkrete spørsmål om korleis tenestene til barn i familiar med sjukdom kan betrast. Det var gode tilbakemeldingar på dagen, både når det gjaldt organisering og innhald.

Les meir om prosjektet her: Barn som pårørende-prosjektet
Les meir om Barns beste: www.nyheter.barnsbeste.no

 

Om oss

FoU-enhet for samhandling er en felles forsknings- og utviklingsenhet mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommuner i Helse Fonna regionen.

Besøksadresse

FoU-enhet for samhandling
ved Høgskolen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund
info@fousam.no

Prosjektsøknad

Har du en god idé til et prosjekt eller et utviklingsarbeid du skal i gang med? Send inn en prosjektsøknad. Skjemaet finner du her.